Iveland Bedehus 
Legg til i favoritter

Iveland misjonsforening

har røter tilbake i fleire foreningar knytte til dei tre bedehusa vi hadde før. Det er meir enn hundre år sidan desse blei starta. Etter at vi fekk det nye bedehuset på Birketveit, har arbeidsforma til foreningane i bedehuset i Frøysådalen blitt lagt til grunn for drifta. D.v.s. 50/50 for kvar av dei gamle organisasjonane, Det norske misjonsselskap og Norsk luthersk misjonssamband. Foreninga har for tida vald å ikkje ha medlemsliste, men dei som svarar ja når dei blir spurd om å vere medlem, blir rekna for å vere det og kan bli vald til f. eks. styre. Foreninga brukar å ha årsmøte i januar månad og vel då styre og deretter formann innan styret.
 
I M.F. har i dag alt arbeid lagt til Iveland bedehus. Annan kvar torsdag har misjonsforeninga storsalen til disposisjon. Møta våre har til nå vore det vi kallar ”gammaldagse” i den forstand at ein gjerne har ein talar frå kvar av organisasjonane, og kollekten går då til organisasjonen som har talaren. Vi legg vekt på fellessang med tradisjonelt preg, og sangkrefter som vi kallar, er også ofte prega av eldre tradisjonar.
                              
 
For å ha variasjon i møteopplegga våre, meiner vi at emnar utanom vanleg forkynning også har verdi. Ut frå dette har vi for tida eit par ”temamøte” i semesteret – utan kollekt til noen. Eventuelt kan ein samle inn for å dekke reiseutgifter o.a. Vi har også eit sangkveldar i kvart halvår, oftast bare med lokale krefter. Då går kollekten til drifta av bedehuset. Dette er den einaste organiserte, felles innsamlinga til bedehuset som misjonsforeninga har. Elles deltar den einskilde i basarar, fast gjevarteneste m.v. Ein del av misjonsforeningas medlemmer er også medlemmer av organisasjonen Iveland bedehus.   
 
Planar framover: For resten av året 2011 nemner vi
17.11      TEMAMØTE v/ Finn Bjørn Rørvik
01.12        Misjonsmøte for Sambandet v/ Knut Løvdal
15.12        Sangmøte med julepreg der ”Salig blanding” blir med
 
For året 2012 tek vi med:
                              Årsmøte for Misjonsforeninga 9.2
                              Møteveke v/ Klaus Muff frå 21. til 25. mars 
                             
Misjonsmøte på kvar av datoane 26.1, 23.2, 19,4 og 31.5
                             
Temamøte 8.3 og 3.5
                             
Sangmøte 14.6

NÅR PLANANE ER MEIR KLARE, LEGG VI UT PROGRAM PÅ BEDEHUSET  OG. ALLE ER VELKOMNE TIL ALLE MØTA SOM BEGYNNER KL 19.30 !

 

 

 
 
 
 
Hva er Misjonsforening?

Vi samles annenhver torsdag i partallsukene kl.1930.

Program for høsten videre:

17.11      TEMAMØTE v/ Finn Bjørn Rørvik
01.12        Misjonsmøte for Sambandet v/ Knut Løvdal
15.12        Sangmøte med julepreg der ”Salig blanding” blir med


Hjertelig velkommen!